
Pål og Ane er utdannet skuespillere, men skjems over hvor få filmklassikere de har sett. Det skal de gjøre noe med! I denne podcasten skal de se intet mindre enn ALLE filmklassikere og diskutere dem etterpå. Det blir noen aha-øyeblikk, tidvis snorking, iblant uvennskap, men de blir i det minste litt mer kulturelle underveis. Spoilergaranti i hver eneste episode.
Episodes

Dec 25, 2020

Dec 22, 2020
Dec 22, 2020
15 min
Kven er han derre Grinchen alle snakkar om i amerikanske TV-seriar? Vi går til kjerna - teiknefilmen frå 1966 - for å finne ut av det.

Dec 22, 2020
Dec 22, 2020
29 min
Det er straks 20 (!) år sidan denne norske julefilmen såg dagens lys, og Barmen og Bakken sjekkar stoda. Har han haldt seg? Og er Ane så god i stavangersk som ho opplever sjølv?

Dec 15, 2020
Dec 15, 2020
32 min
Ein gammal og god norsk julefilm frå 1940 med sure tanter, eldgamle konfirmantar og snappy bestefedre. Pål har gløymt slutten og Ane ynskjer seg remake.

Dec 8, 2020

Dec 2, 2020
Dec 2, 2020
27 min
Sir Sean Connery har forlate oss, og vi heidrar hans minne ved å sjå den aller fyrste Bondfilmen. Ane er i sorg over å ha mista sin imaginære Hollywoodektemann, medan Pål er mest oppteken av dusjscena.

Nov 25, 2020
Nov 25, 2020
26 min
Vi har sett den store norske husmorkomedien frå 1959. "Støv på hjernen" byr på kjærleik, forviklingar, sjukeleg vasking og ei ung og fresh Wenche Foss.

Nov 18, 2020
Nov 18, 2020
33 min
Orson Wells´meisterverk, og verdas visstnok beste film, skal analyserast. Det blir ugrei stemning.

Nov 11, 2020
Nov 11, 2020
26 min
Vi er tilbake, og feirar med å sjå det som er rekna som verdas dårlegaste film: "Plan 9 fra det ytre rom". Romvesen i glinsedrakt, gravsteinar av papp og ikkje ein einaste velskriven replikk: det borgar for ironisk kjærleik. Eller?

Apr 5, 2020
Apr 5, 2020
40 min
Vi sit framleis i isolasjon, Pål er frustrert over systekånene, og Ane frårådar ein serie ho ikkje veit kva er.
